page view image

Tour de KÅKÅnomics: Medier lokalpolitikken – kritiker eller heiagjeng?

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Sandnes har etter mange års sterk vekst blitt ein storby. Bypolitikken har vore prega av ein Ap-Frp-koalisjon som har hatt bypatriotisme og markering av eigen identitet overfor Stavanger som lim, og i mindre grad eit felles ideologisk fundament. 

Bybildet er endra gjennom ei storstilt fornying av området ved Ruten og Vågen. Samstundes hevdar mange at utbyggingsinteressene har hatt svært fritt spelerom i Sandnes. 

Kva er medias rolle i Sandnes? Gjer lokale og regionale medium jobben sin med å setja kritisk lys på dei lokale sakene, og på kva måte? Er Aftenbladet for storbyarrogant og Sandnesposten for lokalpatriotisk? Greier media å forklara oss maktspelet bak kulissane og skapa debatt? Kven har tilgang til media, og kven blir ikkje høyrde?

Deltakarar:

– Sanna Rana, tidl. ungdomsordførar i Sandnes
– Pål Morten Borgli, varaordførar (Frp)
– Sverre M. Nesvåg, rusforskar, sosialantropolog, tidlegare bystyrerepresentant (SV)
– Julie Teresa Olsen, lokalredaktør, Stavanger Aftenblad
– Frode M. Gjerald, ansv. redaktør, Sandnesposten

Debattleiar: Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen.


Har du festivalpass til KÅKÅnomics 2022, kommer du gratis inn på arrangementer hvor det er ledig plass. Du kan også sikre deg plass ved å hente ut billett mot billettgebyr.