page view image

Tour de KÅKÅnomics: Har me noko val når industrien byr seg fram?

EVENEMENTGEGEVENS
event image

På Jelsa i Suldal er det store planar for industriutbygging – utviding av pukkverket Norsk Stein, bygging av havvindmøller og hydrogenfabrikk. Det er snakk om over 1000 arbeidsplassar. Slikt er tal som tel i ein liten fråflyttingskommune som Suldal, som nå har kome under 4000 i folketal.

Men prosjekta er omstridde. Både hytteeigarar og fastbuande protesterer mot naturinngrepa. Aksjonsgruppa «La Sandsfjorden leva» har nær 400 medlemmer på Facebook.

Har kritikarane sjanse til å bli høyrde? Eller er vekta av dei økonomiske argumenta så stor at kommunen berre må bukka og takka? Kva krav kan og vil Suldal stilla til utbyggjarane for å redusera dei negative konsekvensane mest mogleg?

Deltakarar:

– Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal (Sp)
– Gerd Kristin Høivik, lektor, grunneigar og talsperson for La Sandsfjorden leva
– Simen Bie Malde, arkitekt og nabo til industriplanen
– Esther Moe, redaktør i Suldalsposten
– Øyvind Valen, tidlegare rådmann i Suldal, styremedlem i Windwork

Møteleiar: Tom Hetland, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad


Har du festivalpass til KÅKÅnomics 2022, kommer du gratis inn på arrangementer hvor det er ledig plass. Du kan også sikre deg plass ved å hente ut billett mot billettgebyr.