page view image

Tour de KÅKÅnomcs: Natur på Auksjon?

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Kven er best til å forvalta naturressursane – lokalsamfunna eller sentrale styresmakter?

Både frå tidlegare og nåverande regjering er det signalisert at kommunane skal få meir å seia, for eksempel i vindkraft- eller strandsonesaker.

Spørsmålet er om dette opnar for ein tilstand der naturverdiar blir selde til høgstbydande, og der kapitalsterke interesser står klar til å fylla slunkne kommunekassar for å få ja til diverse utbyggingar. I Bjerkreim ville såleis utbyggjaren Norsk Vind tilby Bjerkreim 12 millionar kroner for å få utsett frist for vindkraftprosjektet på Faurefjellet.

Med denne og andre lokale saker i Bjerkreim som bakteppe løftar me blikket og spør: Har kommunane styrke og vilje til å ta verneomsyn, eller må regionale og nasjonale styresmakter ha den rolla? Eller er det slik at den som lever tettast på naturverdiane, også er den beste til å forvalta dei? Er det forskjell på omsynet til urørt natur og til jordvern, der regjeringa vil ha strengare nasjonale retningslinjer? Og er større kommunal råderett i slike spørsmål den beste distriktspolitikken på lang sikt?

Deltakarar:

– Inghild Vanglo, leiar i regional-, kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune (Ap)
– Kjetil Slettebø, ordførar i Bjerkreim (Sp)
– Aslaug Marie Undheim, pensjonert rektor og vararepresentant til Bjerkreim kommunestyre (V)
– Erik Thoring, dagleg leiar, Naturvernforbundet i Rogaland

Debattleiar: Gunnar Kvassheim, tidlegare redaktør i Dalane Tidende 


Har du festivalpass til KÅKÅnomics 2022, kommer du gratis inn på arrangementer hvor det er ledig plass. Du kan også sikre deg plass ved å hente ut billett mot billettgebyr.